
The Departed
Som sikkert ein av dei siste til å sjå denne filmen har eg brukt søndagen på å hente meg inn igjen. The Departed kom i fjor haust, gjorde publikum glad og Oscar-juryen raus.
Martin Scorsese har henta inspirasjon i Hongkong-thrilleren Mou gaan dou. Teknisk sett er det vel ei nyinnspeling, men til mi glede ulikt nok til at eg vel å ikkje føre ei samanlikning.
Statspolitiet i Boston sender ein mann under dekke i eit gangstermiljø som Frank Costello (Jack Nicholson) styrer. Costello har sjølv ein spion i politiet. I The Departed jagar katt mus, men det er ikkje heilt enkelt å slå fast kven som er kva.
Filmen var dessverre ikkje så perfekt som eg håpa den skulle vere. Martin Scorsese har brukt for mange folk, namn som Alec Baldwin og Mark Wahlberg blir meir for syns skuld. Sistnemnde er heller ikkje spesielt passande i rolla si. Både Leonardo DiCaprio og Matt Damon gjer store prestasjonar. Eg kan ikkje forstå korleis folk klarer å blande desse to, dei er enkle nok å skilje for min del. I motsetning til dei tilsvarande rollefigurane i Mou gaan dou.
Filmen har element eg ser som unødvendig tidsfyll, og ikkje heilt kan kople opp til verken historie eller stemningskaping. Han blir hakket for langt på grunn av dette. Kameraføringa er så som så, ho er til tider uryddig og usamanhengande i forhold filmen elles. Dette er berre pirk, og gjer ikkje stort utslaget i ein elles veldig god film. Det kunne ha vore andre vegen, om Martin Scorsese hadde hatt minimal makt og eit studio hadde fått klipt i hel filmen. Litt kortare spelelengde hadde heller ikkje skada.
Også på Screen Stories (screenstories.blogspot.com) kjem begeistringa med nokre atterhald. Skribenten rosar Leonardo DiCaprio og Matt Damon, men meiner filmen er for lang og at klippinga til tider blir tungvinn. Det er ei vurdering eg kjenner meg igjen i. Dei sterke hovudrollene gir mykje å halde fast i, medan ei strammare forteljing kunne ha løfta ein allereie veldig god film endå eit hakk.
