Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Devil's Own (1997)

The Devil's Own

Film
3

Denne filmtittelen dukka opp på Netflix, og sidan eg allereie var i gong med å sjå ei rekke andre filmar frå 1990-talet på strøymeplattforma, så gjekk eg i gong med denne.

Harrison Ford og Brad Pitt var to trekkplaster, og det einaste eg visste om filmen sett bort frå utgivnadsåret og filmtittelen.

Eg var kanskje ikkje heilt klar for kva dette var, og det tok ei god stund før eg blei engasjert i historia som blei fortalt. Det handlar om ein IRA-terrorist som fer til USA for å kjøpe våpen dei kan bruke i kampen mot lojalistane i Nord-Irland. Han buset seg hjå ein familie som ikkje veit kven han eigentleg er eller står for.

Byrjinga av filmen er litt trå, og eg får aldri noko som helst sympati for terroristkarakteren til Brad Pitt. Ikkje sikkert det er meininga, men han er via så stor plass i filmen at det blir som å følge med på ein uinteressant karakter. Sjølv om han er godt spelt, og eg ser terroristen heller enn Brad Pitt når eg ser på.

Frederic Brussat og Mary Ann Brussat på Spirituality & Practice (spiritualityandpractice.com) rosar Harrison Ford og Brad Pitt. Dei meiner den moralske konflikten mellom mennene er viktigare enn actionen. Eg set også pris på skodespelet, men får ikkje den same interessa for begge sider av konflikten. Brad Pitt overtyder meg i rolla, utan at eg blir særleg oppteken av mannen han spelar.

Men etter kvart får handlinga sett seg, og ting byrjar å stå på spel. Og politikarakteren til Harrison Ford får tid, og då blir det meir spennande å sjå på.