Eg ser på fire stjerner ut av fem som ein veldig god film. I det siste har eg lese om at mange filmkritikarar ikkje gir komediar høg score, fordi dei ikkje er drama. Eg er ikkje einig. Viss ein komedie er skikkeleg moro og bidrar til god latter, så kan dei godt vere både barnslege og overflatiske og likevel fortena ein høg score. Sjølv om filmen ikkje lev opp til standarden som er sett i andre sjangrar.
Dette var mitt årlege leven om stjerner og score.
The Dictator er moro. Han har god latter, sjølvsagt nokon opplagte vitsar om diktatorar, men filmen er fantastisk politisk ukorrekt, og utnyttar dette til sitt fulle. Eg er ein stor fan av slik humor.