
The Dig
Netflix-filmen The Dig med Ralph Fiennes og Carey Mulligan handlar om utgraving i England på 1930-talet. Nærare bestemt den rike utgravinga ved Sutton Hoo. Mest handlar det om folka som tok del i utgravinga, og funnet fungerer som eit bakteppe.
Carey Mulligan spelar ei kvinne som sit på store landeigedomar, som ho og mannen kjøpte i lag. Tanken bak kjøpet var at det skulle gravast ut nokre haugar på eigedomen, men då mannen døydde blei planane lagt på is for ei stund. No har ho hente inn ein utgravar spelt av Ralph Fiennes, og vil få i gong graving.
Dei sentrale karakterane i filmen får gode historiearkar å følge, som går sine eigne vegar og blir fletta godt saman for heilskapen. Det er ein film som skildrar mykje motgang, men også håp. Det visuelle uttrykket til filmen er prega av flotte bilder som passar det rolege tempoet til filmen. Plakaten i så måte kunne ha vore henta rett ut av filmen, med sitt kvite og gule lys på opne jorder.
Dave McAllister på Dave’s film blog (davefilmblog.com) legg merke til korleis klyppinga bind saman bilete og samtalar frå ulike stunder. Han meiner desse varsame overgangane gir filmen ei poetisk side. Det utdjupar noko av gleda eg finn i det rolege uttrykket. Dei mange liva blir ikkje berre fletta saman gjennom handlinga, men også gjennom måten filmen let oss sjå og høyre dei på.
Denne blandinga av pent og alvorleg med den eventyrlege spenninga til utgravinga gjer The Dig til ein film med god breidde til å sette pris på. Det er gripande og engasjerande skjebnar, samt litt romantikk og humor for å lette på trykket. Med stilen til filmen på bilde- og lydside kan det hende nokon blir utolmodige, mens andre ser gleda i å sette seg tilbake og nyte dette utan forstyrringar.
