
The Disappearance of Eleanor Rigby: Her
Få dagar etter at eg såg The Disappearance of Eleanor Rigby: Them så sette eg i gang med The Disappearance of Eleanor Rigby: Her.
Eg venta at The Disappearance of Eleanor Rigby: Her skulle gi meir innsikt i den kvinnelege hovudrolla og vise nye scener som passa inn i historia. Samtidig var eg førebudd på ein del gjentaking.
Eg traff med gjentakinga, men er elles mest forundra over korleis The Disappearance of Eleanor Rigby: Her nesten var like lang som The Disappearance of Eleanor Rigby: Them, men berre hadde eit par minuttar nytt, iallfall verka det som. Det er nok mange av scenene som fortel det same, men som har ein annan klipperytme i The Disappearance of Eleanor Rigby: Them.
Gjentakinga blir også eit problem for Inkoo Kang på TheWrap (thewrap.com). Ho finn meir å sette pris på i Her enn i Them!, særleg i familierelasjonane, men meiner skilnadene mellom perspektiva gir for lite tilbake for tida dei krev. Eg saknar nettopp kjensla av å oppdage noko nytt. Eit anna synspunkt bør helst gjere meir enn å vise meg historia eg alt kjenner.
Historia som blir fortalt er den same som i The Disappearance of Eleanor Rigby: Them, men utelukkande frå hennar ståstad. Om tida seks månader etter tapet av sitt barn, og om hennar forhold til mannen sin. Med unntak av at scenene som ser historia frå ståstaden til mannen er vekke, er dette som å sjå filmen The Disappearance of Eleanor Rigby: Them på nytt. Og det var ikkje den mest gripande filmen i utgangspunktet, så eg kjeda med strengt tatt gjennom mesteparten av The Disappearance of Eleanor Rigby: Her.
Eg vel likevel å gi filmen lik karakter som eg gav til The Disappearance of Eleanor Rigby: Them, ettersom filmen evnar å formidle historia like godt utan mannen innslag. Sjølv om eg kjeda meg er eg spent på korleis The Disappearance of Eleanor Rigby: Him blir. Mitt inntrykk av The Disappearance of Eleanor Rigby: Them var at det handlar mest om dama. Så enten vil The Disappearance of Eleanor Rigby: Him vere enda rausare på å dra ut scener og senke klipperytmen, eller han vil innehalde ein del nytt. Det er lov å håpe.
