Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Doom Generation (1995)

The Doom Generation

Film
3

Ei uordna blanding av sprø sex, vill sex, sjuke drap, daudinghovud, 666 og endå meir blod. The Doom Generation er ein film om heteroseksualitet, noko som blir påpeika av Gregg Araki i opninga. Det er visstnok den første filmen hans om heteroseksualitet. Det er også ein film om å gi faen, la ting gå sin gang og å ha trekantsex.

Filmen er i overkant dryg for dei fleste med andre ord, og eg er ingen unntak. I ettertid ser eg at eg kunne klart meg forutan denne til tider bestialske valdsfilmen eller uhyggelege sexdramaet. Men det var ikkje berre grufullt heller, filmen skapar ei sterk stemning og har innslag av svært mørk humor som trekk heile opplevinga opp på eit middels nivå. Også Rose McGowan då, eg må ikkje gløyme ho.

Den kunstige verda er noko Kirsten Spiteri på Kirsten Spiteri’s Blog (kirstenspiteri.wordpress.com) meiner gir filmen særpreg. Neonfargane og dei tomme vegane skaper ei framandkjensle, medan stemninga tel meir enn ei samanhengande historie. Det er også her eg finn noko å halde fast i. Den mørke humoren og uttrykket gir opplevinga ein viss verdi, sjølv om dei ikkje får meg til å ønske meg meir av denne forma for provokasjon.