Ei uordna blanding av sprø sex, vill sex, sjuke drap, daudinghovud, 666 og endå meir blod. The Doom Generation er ein film om heteroseksualitet, noko som blir påpeika av Gregg Araki i opninga. Det er visstnok den første filmen hans om heteroseksualitet. Det er og ein film om å gi faen, la ting gå sin gang og å ha trekantsex.
Filmen er i overkant dryg for dei fleste med andre ord, og eg er ingen unntak. I ettertid ser eg at eg kunne klart meg forutan denne til tider bestialske valdsfilmen eller uhyggelege sexdramaet. Men det var ikkje berre grufullt heller, filmen skapar ei sterk stemning og har innslag av svært mørk humor som trekk heile opplevinga opp på eit middels nivå. Også Rose McGowan då, eg må ikkje gløyme ho.