Richard Ayoade er regissøren til The Double. Han er også Moss i The IT Crowd og regissøren til Submarine. Med The Double har han gjenskapt ei historie av Fyodor Dostoevsky, om ein mann som blir drive mot samanbrot etter at livet hans blir fråtatt av ein dobbeltgjengar.
Jesse Eisenberg spelar hovudrolla og sin eigen dobbeltgjengar. Mia Wasikowska spelar ei ung kvinne med problem og kollegaen hans, og ho som han er interessert i.
Filmen er god på å skape forstyrrande opplevingar og ei ubehageleg stemning. Kjensler som frustrasjon og det håplause er sentrale i i livet til Simon (Jesse Eisenberg), som alltid bli oversett og trakka på. Filmen går føre seg i ei ukjent tid og ei ukjent verd, som i det visuelle uttrykket får ein filminteressert til å tenke på Brazil av Terry Gilliam. Bakgrunnen for det som skjer med Simon og rundt han blir lite utbrodert.
Fordi så mykje er uklart blir ubehaget sterkare. Samtidig er også filmen absurd nok til å framstå som komedie i små glimt.
For min del blir det litt for tungt, vagt og langt til å ta av. The Double har sine sterke sider, men appellerte i heilskap ikkje til meg. Inntrykket av at dette er ein godt produsert film som bevisst oppnår det han prøver å vere, gjer at Richard Ayoade er eit namn er merkar meg for framtida. For i lag med Submarine, som var ein av dei beste filmane eg såg i 2012, er den korte filmografien hans førebels rimeleg god.