Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Dreamers (2003)

The Dreamers

Film
4

The Dreamers bidrar til god stemning. Historia om tre filminteresserte ungdommar i Frankrike i 1968 er interessant. Eg likar også musikken, med mellom andre The Doors og Jimi Hendrix.

Matthew (Michael Pitt) er ein amerikansk student i Paris. Han møter tvillingane Isabelle (Eva Green) og Théo (Louis Garrel), som har ein fransk far og ei engelsk mor. Film blir ei felles interesse, medan forholdet mellom dei tre får ei ganske uvanleg form.

Det sprø forholdet er ein del av det som må til i denne historia. Eg likar at filmen lar dei bli noko meir enn tre personar som berre deler smaken for film. Musikken bidrar også til stemninga eg har glede av.

Meldinga på Cinema Cahiers (cinemacahiers.wordpress.com) er mykje mindre positiv. Skribenten meiner filmreferansane og den politiske bakgrunnen ikkje får nok samanheng med personane. Det er ei innvending mot delar av opplegget eg sjølv synest gjer historia interessant.

For meg fungerer kombinasjonen. Filminteressa, musikken og det rare forholdet gir ei god filmoppleving. Eg har glede av denne vesle verda dei tre lagar rundt seg.