The DUFF - Filmdagbok

The DUFF 2015

Då Kody Keplinger var 17 år skreiv ho boka som har blitt til filmen The Duff. Denne tar for seg livet til ei jente på high school som har fått stempelet designated ugly fat friend, og akkurat har funne ut av det. Som det blir forklart i filmen så treng du verken vere stygg eller feit for å vere DUFF, men du er gjerne den minst attraktive, og den folk går til for å få innpass blant dine penare venner.

Mae Whitman spelar Bianca, som er vår DUFF. Ho tar eit oppgjer med stempelet, og prøver å komme ut av rolla. Dette blir gjort mest med humor, og litt med romantikk. Altså er The Duff ein romantisk komedie, og ein svært god såleis. Først og fremst er rollefiguren Bianca så på plass at det er imponerande. Filmen tar avstand frå stereotypar me kjenner så altfor godt, og lagar nye. Bianca har mykje for seg av interesser og intellekt, og er verken stygg eller ein utsidar. Vennene hennar er heller ingen skurkar, men er også pene og har interessante personlegdommar. Og slik held det fram.

Eg har sansen for filmar som tar kjente og kjære oppskrifter, og gjer ein god jobb med dei. Det kan vere i form av å byte om på etablerte konvensjonar, eller gi ekstra merksemd til dei delene av filmen som er viktige. Dette er ikkje gitt i romantiske komediar. Ofte blir oppskrifter følgde så metodisk at det viktigaste, som er karakterar å bli interessert i, kjem i andre rekke.

The Duff endrar på nokon etablerte konvensjonar og veit at karakterar som er lett å like er viktig. Dette gjer at filmen til sjuande og sist blir ein god film, sjølv om strukturen er føreseieleg.