Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Eagle (2011)

The Eagle

Film
3

Eg er interessert i det meste som har med Romerriket og den tida å gjere. Og filmar er ingen unntak. The Eagle er basert på ei bok med ei historie som tek seg store kunstnariske fridomar. Men slik er det ofte, og for min del handlar det om å oppleve stemning, kultur og eit innblikk i ei tidsepoke, enn om det skal legge seg tett opp mot verkelegheita.

Men om det har rot i faktiske hendingar så er det kjekt. Og The Eagle har eit par koplingar, som det at den dokumenterte historia om kva som skjedde med Legio IX Hispana har forsvunne. Og det at ei ørn blei funne i utgravingar lenger sør i England. Det er eit par knaggar, men mest av alt er det imellom oppdikta.

The Eagle er ein spennande film, med Channing Tatum i hovudrolla. Spenninga har sitt utspring i at han i store delar av filmen står opp mot ein motstandar som verkar å vere større og sterkare. Men med strategi og list frå hans side så utjamnar det seg. I tillegg har dette preget av eit eventyr i seg, kor det handlar om å trå inn i det ukjente og ei ny verd, oppdage kva som har skjedd og vere framand i omgivnadane.

Maktforholdet mellom dei to reisefølga får mykje merksemd på Olsons Movie Blog (olsonsmovieblog.blogspot.com). Omtalen meiner samspelet mellom Marcus og Esca er det mest fengande, særleg når romaren blir den framande som treng hjelp. Det utdjupar eventyrkjensla eg likar. Det ukjende landskapet utfordrar ikkje berre styrken, men òg kven som eigentleg har kontroll.