
The Edge
The Edge følger historia om milliardæren Charles Morse og fotografen Bob Green, som saman må overleve i den brutale villmarka i Alaska etter eit flykræsj. Filmen handlar mange tema godt vevd saman. Overleving, menneskeleg ressusar og grunnleggande instinkt som kjem til overflata i farlege situasjonar. Karakterane møter utfordringar seg i mellom, i møte med naturen, og i si eiga handtering av tilvere.
Filmen har ein mektig kinematografi. Landskapa i Alaska gjer seg utruleg godt her. Dei er ikkje berre vakre, men gir eit ekte preg.
Ein litt annan inngang finn eg på Tormented Imp (tormentedimp.blogspot.com). Andrew Liverod vurderer overlevingsteknikkane i filmen og finn både gode grep og mange feil, men likar likevel filmen godt. Han framhevar haldninga til Anthony Hopkins sin karakter som avgjerande. Det passar med det som engasjerte meg. Naturen gir farane tyngd, medan Charles Morse sitt rolege hovud blir minst like viktig som fysisk styrke.
Eg synest The Edge er ein oppslukande film. Han har imponerande prestasjonar av Anthony Hopkins og Alec Baldwin. Anthony Hopkins briljerer som den rolige og berekna Morse, ein veldig god karakter. Alec Baldwin sin karakter Green gir eit interessant motspel, og er eit enigma som er interessant heile vegen.
Filmen held meg engajsert heile vegen. Det er nok av intense og actionfylte scener. Men òg rom for tankevekkande samtalar. Han får ein sjeldan toppkarakter av meg.
