
The Empire Strikes Back
The Empire Strikes Back er ein fullstendig film som har det meste. Det er eit eventyr med humor, spenning, romantikk og dramatikk. Det er science fiction og det er gjenkjenneleg og jordnært.
Premissen for konflikten som er kjerna i filmen er enkelt nok godt mot vondt. Det er lett å henge med på kva som skjer, trass i store avstandar og flytting av handling.
Adam Droge på DrogeMiester’s Lair (drogemiester.blogspot.com) meiner styrken ligg i kombinasjonen av ei enkel forteljing og samansette kjensler. Han trekker særleg fram Luke og Darth Vader, men òg romantikken mellom Han og Leia. Det passar godt med at eg finn filmen både eventyrleg og jordnær. Det er ikkje nødvendig å gjere handlinga vanskeleg å følge for at personane skal få meir djupn. Dei tydelege linjene gir rom for både humor, uro og sterke møte.
Dei eldre Star Wars-filmane er lette å bli glad i, og verdt å sjå. I langt større grad enn dei nyare filmane, som ikkje er enkle og gode på same måte.
