
The Enforcer
Harry Callahan, spelt av Clint Eastwood, returnerer i den tredje filmen i Dirty Harry-serien. Handlinga finn stad i San Francisco, der Callahan må handtere ein gruppe terroristar som truar byens tryggleik.
Callahan er kjent for sin kompromisslause stil. I The Enforcer får han ein ny partnar, Kate Moore (Tyne Daly). Harry Callahan er framleis den same hardbarka etterforskaren med si kjende pistol, Magnum 44. Moore er ny i felten og må lære mykje.
Det er mange år sidan eg har sett Dirty Harry-filmar, så ei samanlikning er eg ikkje i stand til å skrive. The Enforcer er ein heilt kurant actionfilm med ei enkel historie. Spenninga er der, men det er ikkje ein storveges film sånn alt i alt.
Eg likte eg dynamikken mellom Callahan og Moore. Sett på tidlegare filmmeldingar om dei andre filmane, så vil eg sei at dette er eit stykke unna det beste av Dirty Harry-filmane, men det har nok av action til å underhalde.
Møtet med Moore gir Harry noko anna å bryne seg på enn nye skurkar. David Bjerre på The Single-Minded Movie Blog (singlemindedmovieblog.blogspot.com) meiner det skaper godt drama når den så maskuline Callahan må godta ei kvinne som sin likeverdige. Han finn utviklinga føreseieleg, men underhaldande. Det er ein god måte å sette ord på dynamikken eg likte. Den nye partnaren utfordrar sjølve figuren, sjølv om actionhistoria elles er enkel.
