The Ever After - Filmdagbok

The Ever After 2015

Ekteparet Teresa Palmer og Mark Webber står bak filmen The Ever After. Me trer inn i livet til desse to som spelar eit par i filmen også. Sannsynlegvis etter ein del år i lag, då dei har ei dotter på barneskulen.

Livet deira er prega av nokon problem. Det verkar som desse kan komme av ein svevande livsstil, som dei aldri har gitt heilt slepp på.

Problema i The Ever After sit ikkje djupt for meg som sjåar. Eg får ikkje til å bry meg med det desse opplever, då dei gir inntrykk av å ha all skulda for problema sjølv.

Kva intensjonane til filmen er framstår som uklart. Men ein film med personlege historier som denne skal i det minste skape eit slags engasjement, og det gjer han ikkje.