Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Ex (2006)

The Ex

Film
2

Zach Braff, Amanda Peet og Jason Bateman er namn eg gjerne ser i ein komedie. Alle har vore gode i slike filmar før. The Ex gir meg dessverre lite av det eg håpa på frå denne samlinga.

Tom Reilly (Zach Braff) flyttar med familien og får arbeid hos svigerfaren. Der møter han ein kollega som også har ei fortid med kona hans. Konkurransen mellom dei blir grunnlaget for mykje av komikken.

Problemet er at eg får for vondt av hovudpersonen. Det blir meir ubehageleg å følge alt som går gale, enn morosamt å sjå han prøve å handtere det. Filmen er dessutan svært uoriginal. Det kunne eg lettare ha godteke dersom romantikken bar meir, men det er først og fremst ein komedie han prøver å vere.

Nick Schager på Slant Magazine (slantmagazine.com) er langt hardare mot Zach Braff enn eg er. Eg likar skodespelaren, men kjenner att kritikken hans av eit slapt manus og gode folk som får lite å arbeide med. Namna gjorde meg interessert. Filmen gav dei ikkje ei særleg god ramme.