Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Execution of Mary, Queen of Scots (1895)

The Execution of Mary, Queen of Scots

Film
3

Blant dei mange korte filmane frå slutten av 1800-talet er The Execution of Mary, Queen of Scots ein som faktisk gir meg litt meir. Han viser ikkje berre nokon som gjer noko framfor kameraet. Han får også fortalt ein liten del av ei større historie.

Me ser ei dramatisering av ei avretting. Eit stopp i opptaket gjer det mogleg å byte ut personen ved hoggestabben med ei dokke før øksa fell. Det er eit enkelt filmtriks, men eg synest det er fiffig å sjå det brukt så tidleg.

På Century Film Project (centuryfilmproject.wordpress.com) meiner popegrutch at det interessante er korleis tidlege filmskaparar nærma seg det å fortelje historier, trass i avgrensa teknologi. Det er også det som skil denne ut for meg.

Filmen treng berre nokre sekund på å etablere hendinga og gjennomføre henne. Både forteljinga og trikset gjer han meir interessant enn mange av dei reine opptaka av ei oppvising.