
The Expendables 2
Om The Expendables 2 bevisst prøver å sjå litt frynsete ut i kantane er eg usikker på, men det passar. Slik som at actionsekvensane er over toppen, og dialogen er banal.
Måten kjente skodespelarar dukkar opp på er svak. Det tar ikkje gleda frå oppmøta, men det blir for stort trykk på referanse og historikk til tider. Det framstår som ein slett manusjobb.
Kent Tong på Four Kents (fourkents.com) får mykje moro ut av at dei gamle actionheltane leikar med sine eigne filmroller og velkjende replikkar. Han ser også store logiske hol, men let gleda over rollebesetninga vege tyngst. Eg har sans for mykje av det same oppmøtet, utan å bli like overtydd av bruken. Når referansane får så stort trykk, blir det lettare å sjå kor lite manuset har gjort for å gi dei ein naturleg plass.
Utover det flotte visuelle, over toppen valdelege og enkle, men sjarmrike uttrykket står filmen midt i mellom to sider. Skal det vere ein enkel actionfilm med logiske brester, eller er det ubevisst? Dette trekk litt ned.
