Det opnar med eit brak. Gamle actionheltar kjem innpå skjermen, med følge av nokon yngre, i fullt militært utstyr. Sånt blir det ikkje lite lyd av.
Dessverre blir det fort stille etter opningsbraket, og det tar filmen ei stund å komme i form igjen. Ein film har lov til å følge Hollywood-kurva og ha eit parti utan det aller villaste skytedramaet, men The Expendables har ein doven og lite engasjerande innfallsvinkel på saka som naturleg nok, på bakgrunn av dei involverte, skal utløysa ein herleg actionorgie.
Det som er viktig å få fram her, er at historia til filmen aldri er det viktigaste. Det er gamle heltar som er tilbake i kjent drakt mange år etter, både i gjenforeining og i nye møter, som er det sentrale. Det skal vere både nostalgisk og tilfredsstillande for nye sjåarar, og det er derfor viktig at hardhausane oppfører seg som om dei var 20–30 år yngre for å appellere til dei som vaks opp med mellom anna Sylvester Stallone og Dolph Lundgren på 1980-talet, og dei yngre som forventar at dette ikkje er eit gamleheimslagsmål.
Trist er det difor at fleire kampsekvensar er redigert i hel, og at det eg ser på som grunnlaget for filmen smuldrar bort i hjørna. Det gjer at du ikkje får med deg anna enn små glimt frå kjekke slag og spark, og du stiller deg spørsmål ved kva som går føre seg og om det i det heile er ekte slag og spark.
Det er fleire ting å utsetje på filmen, men det heile kokar ned til at filmen prøver for hardt å vere morosam og ha ei seriøs historie, og hadde tent seg med å likne meir på råskapen som kom fram i 2008-filmen Rambo. The Expendables er difor eit lite vonbrot for underteikna.