
The Fall of the Roman Empire
Eg forventa mykje av The Fall of the Roman Empire. Grunna lengda til filmen har eg utsett å sjå han til eit passande tidspunkt.
Med nesten tre timar speletid og ei historie om Romerriket då Marcus Aurelius var keisar såg eg for meg ei storarta forteljing som skulle utfalde seg.
Men det startar tamt. Filmen manglar det som skal hekte meg frå byrjinga av. Det tek over ein time før eg endeleg tykker at filmen er komen skikkeleg i gong.
Utover det er min største kritikk at filmen kunne ha fått plass til mykje meir historie. Det er lite som skjer. Men det som skjer er interessant, og blir spelt mot eit flott bakteppe som er kostbare kulisser og høgtidleg musikk.
Det påkosta uttrykket får endå sterkare ros frå Chase Kahn på The Glorious Ninth (thegloriousninth.blogspot.com). Han trekker fram dei store kulissene, landskapa og ei kjensle av autentisitet i gjennomføringa. Samstundes meiner han at andre halvdel stundom blir for melodramatisk. Eg deler fascinasjonen for ramma, sjølv om eg gjerne skulle sett at meir skjedde innanfor henne.
Christopher Plummer er topp som Commodus, som er Marcus Aurelius arvtakar. Stephen Boyd er litt anonym som motparten Livius, men får jobben gjort.
Som så mange andre filmar om Romerriket, så er dette basert på nokon hovedtrekk frå eldre historie, og tilført eigne karakterar og vendingar for å gjere det verdig til ein film.
