Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Family Stone (2005)

The Family Stone

Film
3

Så var det jul igjen, iallfall hjå familien Stone. Dette er nok meir eit romantisk drama enn ein romantisk komedie, ein sjanger som gang på gang spyr ut det same drite. Og som eg gang på gang plukkar opp i håp om å komme over noko betre, noko som faktisk skjedde med 50 Ways to Leave Your Lover.

Men tilbake til The Family Stone. Denne filmen gir oss ingenting nytt, og heller ikkje noko god julestemning. For ja, ein god julefilm skal kunne få deg i iallfall litt julestemning, uansett årstid. Denne filmen er heller ikkje særleg morosam, for å ha det klart. Han prøver derimot å spele på at trist blir ekstra trist rundt juletider, noko som han kanskje ikkje klarar så veldig godt, men litt skal han ha æra for å få til.

Julestemninga uteblir òg for Matt Adcock på Darkmatters (darkmatt.blogspot.com). Han opplever filmen som eit nedstemt familiedrama der dei små komiske innslaga ikkje passar særleg godt inn. Samstundes gir han skodespelarane meir ros enn eg gjer, særleg Luke Wilson. Det er interessant at me endar med mykje av den same skuffelsen, sjølv om me finn ulike ting å sette pris på undervegs.

Dessutan, er det andre enn meg som absolutt ikkje tykker at Dermot Mulroney er nokon god skodespelar, noko eg har fått vel fram i mine få utvalte ord om The Wedding Date. Sarah Jessica Parker har eg heller aldri hatt særleg sansen for. I denne filmen var ho faktisk litt sjarmerande. Det er ikkje det beste skodespelet eg har sett, men iallfall den beste rolla eg har sett ho i. Resten av gjengen her er ikkje verdt å nemne, dei fleste er gjengangarar i sjangeren, og Luke Wilson gjer ikkje stort ut av seg, for dei som har sett The Royal Tenenbaums.