Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Fan (1996)

The Fan

Film
2

The Fan er ein thriller frå 1996. Filmen er regissert av Tony Scott. Robert De Niro og Wesley Snipes spelar i hovudrollane.

Handlinga følger Gil Renard. Han er sjukt oppteken av baseball og stor fan av San Francisco Giants. Eit lag som nettopp har signert med ei ny stjerne. Det er eit godt utgangspunkt for ein thriller. Ein mann som lar sporten bli heile livet sitt. Men så er det at filmen saboterer seg sjølv.

Musikken grip taket i meg fort, og ikkje på ein god måte. Hans Zimmer sitt lydspor dundrar under alt saman. Og dei gongene det ikkje er Hans Zimmer, så er det populærmusikk som Rolling Stones eller Nine Inch Nails. Det er aldri stille. Det er aldri rom til å puste. Musikken fortel kva du skal føle.

Så er det Robert De Niro. Dette er blant det verste eg har sett han gjere. Gil Renard er ein håplaust spelt karakter.

Og så er det dei skråstilte utsnitta. I The Fan har Tony Scott bestemt seg for at store delar av filmen skal ligge i ein eller annan vinkel. Det gir filmen ein rastløyse som skapar støy.

Ideen eller kjerna til filmen, utgangspunktet for historia, den er ikkje så verst. Ein fyr som et opphengt i noko som då tek over livet på eit vis. Men det druknar i stilen.

Hjå Movieman's Guide to the Movies (moviemansguide.com) er vurderinga av Robert De Niro ganske annleis. Der blir både han og Wesley Snipes trekte fram som gode, sjølv om filmen elles får kritikk for ein lite truverdig slutt.

Eg klarer ikkje heilt å sjå det same i Robert De Niro. Det er noko med måten han spelar Gil Renard på som ikkje fungerer for meg. Figuren blir meir slitsam enn skremmande.