Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Fat Albert Christmas Special (1977)

The Fat Albert Christmas Special

Film
2

The Fat Albert Christmas Special er ein tv-spesial frå 1977 med Fat Albert. På 22 minuttar blir ei handling som har henta inspirasjon frå historia om Jesu fødsel og A Christmas Carol fortalt.

Det er kjedeleg, fritt for humor, men ikkje fritt for latterboks. Det går seg litt til etter kvart som spesialen utfoldar seg, men det er stort sett på grunn av spora etter kva som blir prøvd gjort, heller enn resultatet.

Skribenten på Retroflix Reviews (retroflix.wordpress.com) finn langt meir å sette pris på her. Omtalen trekker særleg fram einsemda til Tyrone og guten som kjenner seg som ei byrde, og meiner spesialen gir desse kjenslene uventa djupne. Eg ser også spora av noko som kunne ha rørt meg, men opplever ikkje at gjennomføringa får det til. Dei gode intensjonane veg for lite opp for den manglande humoren og underhaldninga.

Det blir derfor eit kort innlegg, og ingen anbefaling. Og i mangel på underhaldning gjekk eventuell julestemning i vasken også.