
The Fighter
Det er sterke prestasjonar i The Fighter. Dei løftar ein klassisk boksarfilm opp på eit høgt nivå. Filmen er basert på ei sann historie. Me følger Micky Ward, spela av Mark Wahlberg. Han er ein boksar som slit med å kome seg vidare i karrieren. Det er mest på grunn av den familien hans.
Brøren Dicky gjer mest inntrykk. Christian Bale er ganske god i rolla. Som ofte så går han djupt inn i karakteren. Og som tidlegare har han endra fysikken sin i forkant av filminnspelinga.
Filmen går fort eit realistisk preg. Han er litt røff visuelt sett. Og det passar miljøet han er sett i.
Historia i seg sjølv har ei gjenkjenneleg oppbygging. Det filmen vinn på er driven, karakterane og godt skodespelet. Eg vil seie at det er ein bra laga film. Han engasjerte meg iallfall.
Sarah Gopaul på Imagery à la Carte (sarahgopaul.wordpress.com) meiner også familiedramaet gir filmen kraft, og at Christian Bale balanserer den øydelagde helten og den morosame sida av Dicky særs godt. Ho trekker fram korleis dei andre rundt Mark Wahlberg stadig tek merksemda. Det er nettopp denne gjengen som gjer den kjende boksarhistoria interessant for meg. Kampen om kven Micky skal lytte til, engasjerer like mykje som kampane i ringen.
