Martin Sheen er inspektør og Kirk Douglas er kaptein på hangarskipet USS Nimitz, då skipet ein dag rundt 1980 blir sendt tilbake i tid.
Det er ingen løyndom nokon stad du les om filmen at det er tilbake til 1941 at skipet hamnar, like utanfor Pearl Harbor.
Kva gjer så kapteinen i sin unike posisjon med overlegen kunnskap om krigshistoria og med teknologien på si side? Det skal eg ikkje røpe. Men det er svaret på dette spørsmålet som driv filmen og spenningen.
For det er spenning det handlar om. Spenning i kva som vil skje og spenning i konseptet med tidsreise. Det er ein god ide og The Final Countdown gjer ikkje skam på å bygge film på det. Trass i ei ikkje altfor lang speletid er det likevel ikkje nok til å nå dei store høgdene. Det er interessant, men også ufarleg, det me er vitne til. Verken filmen eller karakterane tar dei største sjansane, så det blir aldri at eg får hjarte i halsen.