Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Final Girls (2015)

The Final Girls

Film
3

Tre år etter ei jente (Taissa Farmiga) mistar mora si (Malin Akerman), ein tidlegare kjent skodespelar frå ein oppdikta Friday 13th-liknande film kalla Camp Bloodbath, deltar ho på ei kombinert filmvising og minnemarkering for mora og Camp Bloodbath-filmane.

Ting skjer, og me har flytta oss med vennegjengen i filmen inn i verda til Camp Bloodbath. Altså er dei blitt ein del av filmen i handlinga til filmen handling, og må prøve så godt dei kan å overleve der.

Det er ingen dum idé, og The Final Girls har mange gode og fantasirike innslag. I grunn er det ein hyllest til slasher-film frå 1980-talet, og innfallsvinkelen er frisk nok til at det går. Både komedien og stemninga fungerer. I mange år har slasher-parodiane herja som håplause filmar. The Final Girls blir si eiga sak, og klarer å styre unna det dårlege når han sjangerblander grøssar og komedie.

Som hyllest er dette ikkje ulikt mykje anna, nemleg proppa full av referansar i ting, bilde, personar, musikk og det som er. Men nivået i dyktig attgiving av denne perioden har blitt sopass høgt i mange filmar dei siste åra, at det fort skin gjennom om det ikkje er meir enn referansane ved ein film. Ved å seie at det ikkje skein gjennom i The Final Girls håpar eg å kunne plassere filmen rett.

Samtidig vil eg framheve at dette ikkje er perfekt, og kunne ha falt meir i smak. Stundene i filmen som er meint å røre fungerer ikkje, og har ei sopass sentral rolle at det må bli trekt ned for. Om enkelte stunder i det heile skulle vere meint å skremme, så skjer det ikkje, men akkurat dette gir ikkje store utslaget.

David J. Fowlie på Keeping It Reel (keeping-it-reel.com) får meir ut av kjenslene enn eg gjer. Han meiner forholdet mellom Max og Nancy gir den sjølvmedvitne komedien ei uventa menneskeleg side. Det er eit interessant skilje, for eg set også pris på at filmen prøver å vere meir enn ei samling referansar. Eg blir berre ikkje rørt nok til at denne sentrale delen får den vekta han treng.

Trass i det berre litt over gjennomsnittlege nivået denne filmen ligg på, kan eg anbefale han til komedieglade, slasher-glade og 1980-talsglade individ.