Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Firm (1993)

The Firm

Film
3

I The Firm spelar Tom Cruise ein nyutdanna frå Harvard som kan velge og vrake i gode jobbar. Han vel eit firma i Memphis som kan tilby høg lønn og fantastiske goder. Men så byrjar han å oppdage at ting ikkje stemmer heilt i firmaet. Det er noko muffens som går føre seg, og det er farleg for han å vite om det.

Dette er ein solid film frå 1993 med spenning, godt skodespel, eit godt lydspor og ei historie som fint taklar lengda til filmen som er på 2,5 timar. Eg hadde ikkje lese meg opp på filmen på førehand, men gjekk etter rangering og Tom Cruise på rollelista. Sydney Pollack har regisstert, og har laga fleire filmar eg set stor pris på.

Ei interessant lesing av Tom Cruise-rolla finn eg hjå Orrin Konheim på TheSophomoreCritic (sophomorecritic.blogspot.com). Han ser forholdet til Gene Hackman som ein variant av Tom Cruise-filmen der ein sjølvsikker ung mann møter ein sterk mentor, denne gongen ein han ikkje kan stole på. Det set fingeren på noko av spenninga. Dei flotte goda kjem med ei utrygg avhengigheit.