
The Flying Car
The Flying Car er ein kortfilm av Kevin Smith, med to karakterar frå filmen Clerks. Dante og Randall sit i bilen i ein kø, og snakkar om flygande bilar.
Dette varer i sju minuttar og er ein grei samtale og ikkje meir. Det er ein fordel å ha sett Clerks, for dette blir noko meir morosamt med kjennskap til karakterane.
Dei kvardagslege Dante og Randal får skryt av Branson Reese på Letterboxd (letterboxd.com). Han meiner dei framleis er to karar som kastar bort tida, før seinare oppfølgarar gjer dei til større symbol. Det er eit interessant forsvar for kor lite som skjer her. Eg får ikkje meir enn ein grei samtale ut av kortfilmen, men den kjende dynamikken frå Clerks treng heller ikkje eit stort nytt opplegg for å vere litt morosam.
Kortfilmen var eit bestillingsverk til programmet The Tonight Show med Jay Leno.
