Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Fog (1980)

The Fog

Film
4

Det skal ei god vurdering til for å velje å sjå denne filmen om du har sett The Fog frå 2005. For nyinnspelinga med Tom Welling og Selma Blair er langt i frå solide saker. Samanlikna med originalen er han strippa for gode skodespelarar og overlessa med unødvendig dramatikk.

Her er derimot dei ekte sakene, det er betre mystikk, betre skodespelarar, ikkje vektlagt som ungdomsfilm, og eg klarar faktisk å skvette ein gong. Men han er ikkje skummel, og kjem aldri betre ut av det enn å vere ein over middels skrekkfilm i mine auger. Det er vel det som trekk filmen ned, for bortsett frå at han ikkje er spesielt skummel så har han det som skal til. God og stemningsfull musikk, ei grei historie, ei ung Jamie Lee Curtis, og god mystikk.

Dave McAllister på Dave’s film blog (davefilmblog.com) blei først skuffa, men opplevde filmen langt sterkare då han såg ei restaurert utgåve. Han trekker særleg fram lyset og skuggane i tåka, og fann no også oppbygginga spennande. Eg kan vere samd i at stemninga og mystikken er dei store styrkane. For meg gjer dei filmen betre enn gjennomsnittet, men dei klarar ikkje heilt å erstatte kjensla av å vere skikkeleg redd.