
The Forgotten Toys
The Forgotten Toys er ein britisk kortfilm om to leiker som har gått ut på dato. Dei vaknar opp i søppelkassa etter jul, og innser at dei har blitt bytt ut til fordel for nye og meir spennande leiker. Så dei legg ut på reise gjennom byen, i håp om å finne andre ungar som kan ha glede av dei.
The Forgotten Toys er meint å vere melankolsk og humoristisk, og leverer begge delar godt. Men det manglar det vesle ekstra som tar filmen opp til nye høgder. Utover det er det, uavhengig av når rundt jul handlinga finn stad, ei romjulstemning som snik seg innpå meg. Så filmen har det å spele på.
Chris på Beyond Rudolph & Frosty (beyondrudolph.wordpress.com) sit også igjen med ei trist kjensle. Omtalen trekker fram kor sårt det er at leikene blir vraka, sjølv om dei framleis har mykje å gi nokon. Det passar med romjulskjensla eg får. Humoren og vennskapet gjer ikkje at det triste blir borte.
