
The Fountain
Darren Aronofsky er eit populært namn innan film frå det siste tiåret, takka vere Requiem for a Dream. Seks år er gått sidan den filmen, så forventingane til The Fountain var store blant mange. Personleg var eg skeptisk til filmskaparen sitt mest dagsaktuelle verk på grunn av mitt forhold til Pi.
Me møter Tom (Hugh Jackman) og Izzi (Rachel Weisz) i ein særs vakker film om tid og evig liv. Darren Aronofsky bestemte at spesialeffektane ikkje skulle bestå av dataanimasjonar. I staden blei mikrofotografi frå kjemiske reaksjonar, med positivt utslag, nytta. The Fountain er annleis enn anna moderne film. Varm og ekte framfor kald og kunstig. Kanskje han vil tåle tida betre på grunn av dette. Laga av ein med eit tydeleg auge for detaljar, utan å bli eit kjenslelaust perfeksjonistisk arbeid.
Etter slike godord kjem det nok ikkje som ei overrasking at eg likte The Fountain. Utfordrande og stort rom for ulik tolking, men likevel fattbar i filmen si litt rare eller krevjande innleiing. Produksjonshistoria er med på å gi filmen djupne. Arbeidet byrja i 2002 med Brad Pitt, Cate Blanchett og eit budsjett på 75 millionar amerikanske dollar. Prosjektet blei avlyst og starta opp igjen i 2004 med eit budsjett på under halvparten. Slik eg oppfattar den ferdige filmen, blei dette også ein ny produksjon. Historia bak gir den samanfatta filmen eit ekstra lag.
The Fountain er ikkje heilt perfekt. Vakker historie, vakkert bilde og vakker musikk, den store gnista i personane manglar. Hugh Jackman og Rachel Weisz viser seg som fantastiske skodespelarar, som dei mange nærbilda er bevis på. Det er måten filmen er bygd opp på, med fokus på så mykje vakkert, som gjer at personane i blant hamnar i bakgrunnen.
Den visuelle kunsten og dei to hovudrollene får også ros av Mike Sakasegawa på Sakeriver (sakeriver.com), men han er meir usikker på om filmen når den djupna han søker. Eg opplever han som varmare og meir vellukka, sjølv om personane stundom hamnar bak alt det vakre. Me finn dermed mykje godt i dei same sidene ved filmen, men eg blir i større grad med på den poetiske og filosofiske reisa.
Så kva er det The Fountain handlar om? Eg har unngått å gå innpå det her. Historia som filmen byr på er det like godt å ikkje vite noko om, så lenge du veit kva type film du går til. Som er ein litt kunstnarisk, filosofisk, varm og med kjensler, fattbar gang i handlinga, poetisk, og vakker film.
