The Fountainhead - Filmdagbok

The Fountainhead 1949

Ettersom eg akkurat har fullført å lese boka The Fountainhead, er det litt vrient å ytre om strukturen til filmen fungerer.

Boka blei skrive av Ayn Rand og kom ut i 1943. Ho er på over 700 sider, og dette komprimerte Ayn Rand til like under to timar med film som manusforfattar.

Det handlar om arkitekten og individualisten Howard Roark, som blir motarbeidd av ein undertrykkande kollektivistisk masse. Dyktige og eigenrådige menn blir frose ut. Å gjere ting annleis, uansett om det er til alle sitt beste, blir sett ned på så lenge det er gjort på premissen til individet og fordi individet har glede av det.

Ettersom eg nyleg har lese boka er eg usikker på om filmen er bygd opp på beste måte. Men det kjem godt fram at filmen har gode poeng, og poenga blir framstilt på klare og tydelege måtar. Me blir godt informert om kva filmen står for, kvifor og korleis dette formar helten og fienden til historia.

Høgdepunktet i filmen, så vel som i boka, er talen til Howard Roark på slutten. Som i talen til John Galt i Atlas Shrugged har Ayn Rand samla all sin filosofi der, og formidlar det på ein god måte i oppsummert form.

The Fountainhead kan varmt anbefalast.