The Fox and the Hound er ein Disney-film frå 1981 om ein rev og ein hund. Dei formar eit godt vennskap i ung alder, men veks etter kvart opp og ting endrar seg. Filmen er både ein fin og artig sak, og får plass til ein del seriøs tematikk etter kvart.
I ung alder ligg verda for føtene til hunden og reven. Hunden har ein streng eigar, men er endå ikkje forma til formålet sitt, som er å bli ein jakthund. Sjølv om han vil så mykje anna enn å vere den lydige hunden, så viser filmen den sanne påverknaden ein hundeigar kan ha i blant alt det fantasifulle filmen byr på. Reven er på eit vis meir godhjarta her, men han kjem på sitt vis ikkje unna naturen.
The Fox and the Hound er ein lettfatteleg film som er innom temaer som miljø, arv, påverknad og draumar. I form av lite sannsynlege vennskap og snakkast dyr og fuglar. Det er ein film som vågar å røre seg innom det meir dystre, men som ikkje dvelar for tungt på det. Livet går vidare uansett.
Ein fin film om vennskap. Litt å tenke på. Ei interessant utvikling. Men ikkje den mest Disney-filmen som har gjort størst inntrykk på meg.