Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Fox and the Hound 2 (2006)

The Fox and the Hound 2

Film
3

Eg likte The Fox and the Hound, og såg for meg noko heilt anna enn eg fekk i The Fox and the Hound 2. Sjølv om eg har rangert desse to filmane likt, så held eg ein knapp på The Fox and the Hound. Og her skal eg forklare kvifor.

The Fox and the Hound 2 er ingen kronologisk oppfølgar. Han tek utgangspunkt i livet til reven og hunden som barn. Dette plasserer denne historia tidleg på tidslinja i den første filmen. I mangel på viten om rette filmtekniske omgrepet, så kan eg kalle det ei innskoten historie. Som kanskje bryt litt med vidare kronolgisk hending frå den første filmen.

Det som er forskjellig med denne filmen frå den første er. Han kom rett på video. Animasjonsstilen er annleis, ikkje berre fordi filmen er to tiår nyare. Tonen til filmen er hyggeleg og lett, alvoret stikk ikkje så djupt. Det er meir sang og lett tilgjengeleg komedie.

På sett og vis er dette ein heilt annan film enn forgjengaren sin. Han står nesten betre på eigne bein enn i samanheng. Men sidan eg såg filmane med kort mellomrom, er det vanskeleg å ikkje ha forventingar til denne. Og ikkje tenke på svakheitene, det vil seie forventingane han ikkje innfridde.

Tim Brayton på Alternate Ending (alternateending.com) reagerer endå sterkare på avstanden til originalen. Han meiner countrybandet og den ville komedien høyrer til ei heilt anna verd enn det rolegare dyrelivet i den første filmen. Det er ei treffande utdjuping av forventningane som ikkje blei innfridde for meg. Denne historia kan vere lett underhaldning, men ho gjer lite for å ta vare på det som gjorde vennskapet interessant første gong.