
The Frisco Kid
The Frisco Kid har Gene Wilder i hovudrolla som ein polsk rabbinar. Harrison Ford spelar ein pistolsvingande bankrøvar ved sida av. Eg viste kva eg gjekk til. Gene Wilder åleine er nok til å sette nokre forventingar.
Rabbinar Avram kjem frå Polen og er på veg til San Francisco. Han blir lurt av svindlarar allereie på austkysten. Han er rangert som nummer 87 av 88 i rabbinarklassen sin og snakkar knapt engelsk. Men San Francisco tenker han at går fint å nå, så han byrjar å gå frå Philadelphia. Det er eit godt komisk utgangspunkt, og det set tonen.
Undervegs slår han følge med bankrøvaren. Det blir ei klassisk samansetning av motsetningar som utfordrar kvarandre vidare.
Det er litt djupn til karakteren til Gene Wilder. Han spelar naiv utan å verke dum. Og rett etter noko teit har skjedd, så kan eg få medkjensle for noko anna. Harrison Ford er litt tøffare, ikkje så langt unna ein Han Solo-karakter.
Speletida er på nesten to timar. Det er litt lenge. Ikkje fordi filmen er kjedeleg, men fordi han kanskje ikkje brukar tida på å skape eit sterkare inntrykk.
Ein langt hardare dom kjem frå Cinema Cahiers (cinemacahiers.wordpress.com). Skribenten Federovsky meiner at humoren er opplagd og at rabbinarens forsøk på å halde fast ved trua blir gjenteke for mykje. Eg kjenner att innvendinga om at filmen dreg ut, men ikkje resten av opplevinga. Gene Wilder gir meg nok varme og medkjensle til at den enkle moroa likevel held.
Likevel er greitt. Filmen prøver ikkje å vere meir enn han er. Det er ei enkel historie. Det er ein del situasjonskomedie. Eg forventa enkel moro, og det var det eg fekk.
