Paul Rudd spelar ein forfattar som utdannar seg til å bli forsytar, og tar på seg jobben med ein ung gut med muskelsjukdom som lås han til rullestolen.
Craig Roberts spelar guten i rullestol som stort sett er låst til sine faste rutinar, men som etter kvart seier ok til å bli med forsytaren på ein lengre biltur.
Selena Gomez spelar ei ung kvinne og fri sjel som dei møter på bilturen og tar med seg, som er med på å utfordre deira låste syn på nokon punkt, og opnar verda for noko meir for guten i rullestol.
The Fundamentals of Caring er ein trygg, men fornøyeleg film. Først og fremst på grunn av humoren og samspelet mellom Paul Rudd og Craig Roberts, og etter kvart med Selena Gomez. Det er mykje tull i frekke kommentarar og spøking mellom karakterane. Det stikk seg heller aldri ut som humor som prøver for mykje, men går eigentleg i eit med kva filmen elles er.
Netflix står bak lanseringen av filmen. Det er blant dei betre filmane eg førebels har sett frå den kanten, og ei anbefaling om du allereie sit med ein aktiv Netflix-konto.