Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Furies (1950)

The Furies

Film
3

Western av det gamle, gode slaget. Ein sjanger og ei tid eg er glad i. The Furies er av typen film som handlar om det å vere stor og suksessrik innanfor ei bedrift, i dette tilfelle ein ranch. Og at personen i styringa er sær på sitt vis, i negativ forstand. I fare for å bruke feil ord og samanlikning, så er dette ein film som ligg i retninga av å vere eit episk familiedrama.

Familiedrama er ikkje noko dumt spor å følge. Laura Grieve på Classic Movie Hub (classicmoviehub.com) opplever historia som ei blanding av shakespearsk tragedie og kraftig melodrama. Ho rosar særleg Barbara Stanwyck si rastlause og eigesjuke Vance. Det gir filmen eit anna tyngdepunkt enn mange westernar. Ranchen er ikkje berre ein stad å forsvare, men noko familien kjempar om og bind seg til.