Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Galaxy Invader (1985)

The Galaxy Invader

Film
1

Mitt nye favorittshow på internett er Half in the Bag, eit filmprogram frå Red Letter Media. To menn skal liksom reparere ein VCR, men blir sittande å drikke øl og snakke om film i veke etter veke.

I andre episode er den hysterisk dårlege, etter Half in the Bag sine ord, videoutgivinga The Galaxy Invader under lupa. Hysterisk dårleg er ein magnet mot sinnet mitt og eg kunne ikkje dy meg. Eg måtte sjå The Galaxy Invader.

I denne billege rett på video-produksjonen frå 1985 med feilaktig tittel er det menneske som er den ekte trusselen. Dette er forresten ingenting nytt, menneske prega av frykt er ofte den øydeleggande krafta i science fiction-filmar. Men i The Galaxy Invader er det ikkje menneska framfor kamera som er trusselen, det er Don Dohler. Ultra lågbudsjettsfilmskapar som debuterte i 1976 og har halde det gåande med relativt få titlar fram til 2006.

Filmen handlar om at eit romskip krasjar. Ein gjeng fulle hillbillies jagar det for å fange romvesenet i skipet og selje det til høgstbydande. Dei er ein håplaus gjeng med stereotypeportretterte, stygge folk i dårlege kostymer. At det å definere omgrepet kvalitet er vrient på grunn av dei subjektive oppfatningane våre ser ikkje ut til å hindre Don Dohler i å lage ein film utan kvalitet.

Jakta er til tider så dum og uforståeleg at det har ein viss underhaldningsverdi. Enkelte sekvensar er nok verdt å sjå for dette. Filmen handlar stadig mindre om romvesenet. Det toppar seg med den fæle slåstkampen mellom to menneske på slutten. Det kan stå som eit bilde på filmen. Han var lite i byrjinga og enda gradvis opp som ingenting.

Mark Cole på Rivets on the Poster (rivetsontheposter.wordpress.com) meiner også filmen brukar for mykje tid på den fæle familien og for lite på romvesenet. Likevel finn han ei viss glede i den billege utføringa, særleg for dei som kjenner filmane til Don Dohler. Eg får mindre tilbake for tida. Det håplause kan vere morosamt i korte glimt, men når skapninga blir borte frå sentrum, sit eg att med svært lite.