Michael Douglas pussar dei dyre lakkskoa sine nok ein gong og trår inn i rolla som forretningsmannen mange har lært seg å kjenne. Denne gangen er han blant dei rikaste i San Francisco og kan karakteriserast som mannen som har alt, eller iallfall det meste. Tilværet hans er prega av rutine og det at han har full kontroll.
Når bursdagen til Nicholas van Orton (Michael Douglas) nærmar seg dukkar broren Conrad opp. Greitt nok tolka av Sean Penn. Han gir Nicholas ein av få ting som kan bli gitt til mannen som har alt, eit gåvekort for deltaking i The Game, eit skreddarsydd spel som vil ta plass i kvardagen til Nicholas i nær framtid. Stort meir enn å kalle det eit spel vil eg ikkje gjere, då heller ikkje filmen gir ein definisjon på dette. Her er opp til publikum å lære undervegs.
The Game startar ganske roleg- Michael Douglas gjer ei rolle han tydeleg kan og filmen byr ikkje på dei store overraskingane i løpet av den første delen av filmen. Etter kvart byrjar det å bli fart i sakene, sjølv om mykje av framdrifta ligg i korta blir det spennande etter kvart. Det å avdekke alle laga filmen er bygd opp av gir iallfall meg glede. David Fincher har eit auge for detaljar som me oppdagar undervegs, utan at desse blir for opplagt til å gi inntrykk av at han undervurderer publikum. Filmen er nok ikkje den beste han har laga, men køyrer stort sett på til siste slutt, og fell i smak her.