The Giant Mechanical Man - Filmdagbok

The Giant Mechanical Man 2012

The Giant Mechanical Man er ein enkel og god film som det er litt vanskeleg å få tak på nok til å skrive godt om. Han er sopass ukomplisert og standard, at det blir klisje å oppsummere tråden i handlinga.

For det handlar om ein mann og ei dame, som etter kvart finn kvarandre. Dei er litt spesielle på kvar sine måte, men kanskje mest sett i samanlikning med dei andre vanlege personane i filmen. Dei er lette å like og normale nok til at du som publikum kan identifisere deg sånn passe med dei.

Mannen er ein fyr i eit robotkostyme på gata. Kvinna føler seg litt som ein robot. Og dei blir etter kvart kjent gjennom ein dyrepark der dei begge får jobb. Alt har sitt utspring i at dei også har styrt litt på i arbeidslivet og ikkje funne sin rette plass.

Og det er det med å finne sin rette plass og dei rette kontaktane og vennene dette handlar om. Trass i at det er litt enkelt, kjennest litt lågbudsjett ut og slikt, så treff filmen sopass godt med karakterane sine at dette gjekk heim hjå meg.

Eg kunne tenke meg litt meir av alt i grunn. The Giant Mechanical Man er ein film som gir meg lyst på noko større. Og det er alltids betre enn å få noko for omfattande og ønske det meir konkret.