
The Girl Next Door
Matthew (Emile Hirsch) er den perfekt studenten, med gode karakterar, moglegheiter for stipend og aktiv i skuleaktivitetar, men han manglar den sosiale opplevinga som senior på high school.
Så flyttar den søtaste og penaste av alle jenter inn i nabohuset, Danielle spelt av Elisha Cuthbert. Ho og Matthew blir knirkefritt forelska i kvarandre, problema oppstår når Danielle si fortid blir kjent for Matthew.
The Girl Next Door er ein grei romantisk komedie, ingenting meir. Her skjer det ingenting uventa i gangen i handlinga. Vinklinga av historia prøver å vere frekk og klarar nesten å gjere dette litt meir interessant enn den vanlege high school-komedien.
Det er ingen løyndom, Elisha Cuthbert trekk opp ved å vere til stades, på andre område er filmen verken nyskapande eller spesielt interessant. Eller jo, vent litt, Timothy Olyphant dukkar opp i den einaste kule rolla filmen har å by på.
Ingenting ekstraordinært dette her altså, men eg mislikte ikkje The Girl Next Door trass i forventingar til noko meir enn middels.
James Berardinelli på ReelViews (reelviews.net) likar filmen betre enn eg gjer. Han meiner samspelet mellom Emile Hirsch og Elisha Cuthbert gir første halvdel nok sjarm til at han tilgir mykje av det kronglete i den andre. Eg deler interessa for Elisha Cuthbert, men blir mindre overtydd av filmen rundt henne. Nokre tiltalande innslag er ikkje nok til å løfte heilskapen over det middels gode.
