Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Girlfriend Experience (2009)

The Girlfriend Experience

Film
4

Eksperimentell film frå Steven Soderbergh som fell godt i smak. Pornostjerne Sasha Grey spelar ei dyr eskorte, eller luksusprotituert, på Manhattan.

Steven Soderbergh har klart å formidle livet til ei udefinert kvinne i eksortebransjen, viss verdiar og utstråling er vanskeleg å få tak på. Samtidig gjer han filmen til eit uttrykkande medium for finanssituasjonen som bygde seg opp mot presidentvalet i 2008.

Filma med Red One-kamera ser filmen nydeleg ut. Musikken er litt utanom det vanlege, men like velfungerande. Filmtraileren er blant dei mest truverdige mot sjølve filmen eg har sett på lenge, og viser eit god eksempel på musikkbruken filmen har.

Bileta er også sentrale for Simon Abrams på Extended Cut (extendedcut.blogspot.com). Han les den oppdelte forteljinga og merksemda på dyre interiør som ein kommentar til ei verd der menneske gjer seg sjølve til produkt. Samstundes meiner han grepet kan redusere Chelsea som person. Det er ei interessant innvending til det eg likar. Steven Soderbergh får fram mykje om samtida nettopp gjennom ei kvinne me ikkje utan vidare får tak på.