The Girlfriend Experience - Filmdagbok

The Girlfriend Experience 2009

Eksperimentell film frå Steven Soderbergh som fell godt i smak. Pornostjerne Sasha Grey spelar ei dyr eskorte, eller luksusprotituert, på Manhattan.

Steven Soderbergh har klart å formidle livet til ein udefinert kvinne i eksortebransjen, viss verdiar og utstråling er vanskeleg å få tak på. Samtidig gjer han filmen til eit uttrykkande medium for finanssituasjonen som bygde seg opp mot presidentvalet i 2008.

Filma med Red One-kamera ser filmen nydeleg ut. Musikken er litt utanom det vanlege, men like velfungerande. Filmtraileren er blant dei mest truverdige mot sjølve filmen eg har sett på lenge, og viser eit god eksempel på musikkbruken filmen har.