
The Glass House
The Glass House frå 2001 med Leelee Sobieski i hovudrolla bygger på dette klassiske premisset. Det er ugler i mosen, men vanskeleg å skaffe bevis, difor trur ingen på personen som meiner at noko er gale.
I dette tilfelle er det ei ung jente, som saman med bror sin har mista foreldrene sine i ei bilulukke. Dei blir sendt til å bu med nokre venner av foreldrene, og det er då jenta oppdagar at ikkje alt er som det skal vere. Gradvis avdekkar ho detaljar som avslører dette, men det er vanskeleg å få nokon til å tru på ho. Og gradvis er eigentleg stikkordet for filmen vidare. Han er godt bygd opp avslører berre litt og litt, nok til at det er interessant å sjå på. Ting går i grunn som forventa, men sidan oppbygginga er god så er det heilt greitt.
Miljøet bidreg òg til at den kjente historia fungerer. Matthew Toomey på The Film Pie (thefilmpie.com) rosar bruken av glashuset og musikken til å bygge uro. Han likar oppbygginga, men synest slutten blir for vill. Eg fekk først og fremst ei grei underhaldningsoppleving, men omtalen viser kor mykje regi og stemning kan tilføre eit nokså vanleg thrillerpremiss.
The Glass House er eit stykke film som eg ikkje er overbevist om at eg kjem til å hugse så altfor lenge, men som eg lot meg underhalde av der og då.
