Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Godfather Part III (1990)

The Godfather Part III

Film
4

Den tredje og siste filmen i The Godfather-trilogien er god, men når ikkje opp til sine forgjengarar.

Eg vil ikkje gå så langt som å kalle The Godfather: Part III unødvendig, men eg lar nok mi favorisering av både The Godfather og The Godfather Part II spele inn i mi vurdering av denne attpåklatten, som kom 16 år etter førre. Kanskje burde eg ta eit gjensyn med dei to filmane meir på avstand.

Samanlikninga med dei to første filmane er vanskeleg å sleppe. Lukas + Film (lukasplusfilm.wordpress.com) meiner at tredje del fungerer betre som ein frittståande film, men reagerer på at Michael Corleone verkar som ein annan karakter. Skribenten rosar likevel den spennande avslutninga og enkelte sterke kjensleaugeblikk. Eg er meir positiv til heilskapen, men omtalen gjer det lett å forstå korleis forventningane til ein Godfather-film kan trekke vurderinga ned.

Me møter ein Michael Corleone (Al Pacino) som prøver å legalisere det kriminelle syndikatet sitt. Det mest kjende sitatet i filmen er også blant dei mest kjende i filmhistoria. Det er Just when I thought I was out... they pull me back in. Og dette sitat oppsummerer godt kva filmen handlar om, med tanke på forsøket til Corleone med å posisjonere seg som lovleg forretningsmann.