
The Gold Rush
Av og med Charles Chaplin, er The Gold Rush ein film om søken etter gull i Klondike.
I denne blandinga av eventyr, komedie og drama får me innsikt i det harde livet på ein humoristisk måte. Blant anna ser me Charles Chaplin ete ein sko og slite når skuret hans står på kanten av et stup.
Dette er ein gøy film heile vegen, og Charles Chaplin er ein meister på å halde ei seriøs historie gåande samtidig som det er komisk. Verken det eine eller andre må vike, og heller ikkje i The Gold Rush.
Dei små rørslene får mykje av æra hjå Bill Thompson på Bill’s Movie Emporium (billsmovieemporium.wordpress.com). Han trekker fram dei avdempa reaksjonane og måten Charles Chaplin behandlar skomåltidet som heilt vanleg mat på. Det er ei fin presisering av korleis det alvorlege kan stå saman med komikken. Situasjonen treng ikkje bli mindre hard for at oppførselen til den vesle mannen skal vere ustyrteleg morosam.
