For kvar nye Pixar-film følger det store forventingar. Spesielt då det ikkje er snakk om oppfølgjarar. Originale historier er det eg set mest pris på.
The Good Dinosaur overraska stort med sitt dramatiske preg. Eg tenker tilbake på nokon eldre barnefilmar kor det vart våga å vise skumle og spennande sekvensar, og snakke om sorg og død.
I tillegg har The Good Dinosaur eit utgangspunkt eller ein idé eg set stor pris på. Eit kva viss-spørsmål om ein komet som ikkje treff jorda, og lar dinosaurane leve vidare.
Som i fleire gode Pixar-filmar er det flust av detaljar å gripe fatt i, og det er totalen av desse lagt over ei ikkje altfor komplisert historie, som blir det gode resultatet.
Det handlar om ein dinosaur som blir ført langt unna heimen sin, og må finne vegen tilbake. Han møter eit lite menneskebarn, som blir hans trufaste følgjevenn. Eit søtt vennskap, i dramatiske omgivnader. Som er vanvittig lekkert animert.