The Grand Budapest Hotel - Filmdagbok

The Grand Budapest Hotel 2014

The Grand Budapest Hotel er ei sjarmerande blanding av noko som ser ut som ein avgrensa film, men har ei omfattande historie å fortelja. Godt handverk i utføringa av denne miksen er gjort av filmskapar Wes Anderson.

Det handlar om ein resepsjonist på eit legendarisk hotell i ein oppdikta europeisk republikk. Handlinga til filmen er lagt til mellomkrigstida, og eit vennskap mellom resepsjonisten og ein hjelper ved hotellet har ein sentral del av filmen.

Som plakaten med dei mange ansikta hintar til, så er dette er film som i stor grad fortel om fleire personar og deira forhold til hotellet, og personane som held til der.

Når Wes Anderson lykkast med å skape interesse for karakterane og deira historier, så sit filmane hans godt. Eg har opp gjennom starta å stole på at han får til miljø, kulisser og resten av det visuelle utan problem. Heller ikkje i The Grand Budapest Hotel er det noko å utsette på dette.