Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Great Dictator (1940)

The Great Dictator

Film
5

Charles Chaplin markerte overgangen frå stumfilm til lydfilm relativt seint, når han i 1940 kom med krigssatiren og parodien på Adolf Hitler og det tredje riket i The Great Dictator. Likskapen til Adolf Hitler er i blant skremmande, Charles Chaplin er som kjent både liten og med signaturbarten sin og luftige knickers er det tøft å sjå han trå inn i ei rolle som etterliknar vondskapen sjølv. For å få komedien til å verke spelar Charles Chaplin også ein jødisk frisør, som for å kunne bli hylla som helt og samtidig få skrytet for å portrettere den grufulle fienden.

Charles Chaplin tar opp diktatur, folkeundertrykking og krig. Det gir god grunn for både drama og komedie. Gestar frå den fysiske humoren i stumfilm får veksle med glimrande babbel og sterke monologar, styrte av meiningar med gode intensjonar. Av babbel er tulletysken til diktator Adenoid Hynkel eigentleg veldig simpel, med ord som wiener og sauerkraut i ei rekke av uforståeleg nonsens, men det gjer susen. Charles Chaplin viser seg å bere ei kraftig stemme, god til Adolf Hitler-parodierte talar.

Det meiningslause språket er meir uttrykksfullt enn det først kan verke som. Cory Massimino framhevar på CoryMassimino.com (corymassimino.com) kor mykje Charles Chaplin formidlar gjennom stemme, ansikt og kropp, også når orda ikkje gir meining. Det passar godt med gleda mi over tulletysken. Talane er morosame i seg sjølve, men måten dei blir framførte på gjer også at maktbruken er attkjenneleg utan at me treng å forstå eit einaste ord.

The Great Dictator er med sine to timar ein lenger film, etter å ha sett Charles Chaplin før og vore glad med det var eg likevel smått skeptisk til om dette kunne halde over så lang tid. Blandinga av drama, komedie og krig gir Charles Chaplin det perfekte rommet for politisk engasjement og komisk talent. Med tale kan han strekke ut historia. Dei flotte bilderekkene kunne eg lett ha sett for meg i ein stumfilm.