
The Great Escape
Dei som har sett Chicken Run har eigentleg sett det som The Great Escape har å by på, berre utan Steve McQueen.
Midt under andre verdskrig, ein stad sør i Tyskland, har ein ny fangeleir har opna. Her skal dei verste krigsfangane samlast, dei som har det med å prøve og rømme. Flest britiske, men også eit knippe andre nasjonalitetar er samla. Men kva skjer når du set dei mest rømmingsglade fangane på same stad? Jo, dei planlegg å rømme i lag.
The Great Escape handlar om førebuingane til, stunda under, og etter ei storslått rømming. Filmen er i same ånd som den gjennomsnittlege 70 mm-produksjonen, men er filma på 35 mm. Tatt situasjonen til vurdering er filmen for lystig og glad. Han hadde nok tent på å skape ei meir truverdig handling ved å tone ned litt på latter og glede.
Den lystige tonen treng ikkje å skugge for alvoret for alle. På Llamastrangler’s Big TV and Film Blog (llamastranglermarathon.blogspot.com) meiner skribenten at filmen både underheld med rømmingsplanen og får fram den menneskelege kostnaden. Han opplever òg personane som truverdige. Eg saknar ei tyngre stemning, men omtalen viser korleis andre kan finne nok alvor under det som for meg blir eit for muntert eventyr.
Sjølve filmen er eigentleg ganske vakker å sjå på, med mange flotte bilde. Lydsporet sit som spikra. Eg plystra på temasongen i fleire timar etterpå. Filmen er også for lystig til denne krigshistoria å vere. Så er han føreseieleg og ganske rett fram. Eg er ikkje spesielt imponert over dette som skal vere ein av dei mest populære filmane i verda.
